Ysst konferansen

Publisert: 23. september, 2021 av Ysst

Endeleg kan me formidle at det blir Ysst konferanse den 25.11.21 i Bømlo kulturhus.

Tema er «Krise og beredskap» og det blir foredrag om krisehandtering, erfaringar frå hendingar og «Leiing i krise – dei viktige valga».

Foredragshaldarar er:

  • Kjersti H. Follesø, kommunelege i Bømlo kommune
  • Ove Halleraker, Brannsjef, og Frode Sagvåg, Beredskapsleiar, frå Bømlo brann- og redning
  • Einar Eide og Silje Alvsvåg frå Bremes Seashore
  • Robert Mood som har erfaring frå Røde Kors og Forsvaret bl.a.

Prisen for konferansen er i år satt ned til 500 kr per deltakar for medlemmer. Ikkje-medlemmer betaler 2500 kr.

Programmet finn du her

Meld på her

Me gledar oss til å kunne samlast, treffe andre og dele kunnskap og erfaringar rundt tema Krise og beredskap.