Ergonomi
Ergonomi handlar om tilpassinga mellom menneske, arbeidsmiljøet og teknikken som vert nytta. For å førebyggje belastningsskadar må både arbeidsgjevar og arbeidstakar ta omsyn til kva som er god ergonomi.
Muskel- og skjelettplager, saman med psykiske plager, står for ca. 60% av at det arbeidsrelaterte sjukefråværet i Norge. Ein har mykje å vinna på å arbeide førebyggjande på dette feltet.
Ysst HMS har ergoterapeut som kan bistå på følgjande områder:
- Ergonomisk kartlegging, individuell og avdelingsvis
- Bistand og rettleiing ved risikovurdering
- Arbeidsplassvurdering og oppfølging av tilsette
- Ergonomisk rådgjeving ved ombygging eller nybygg
- Førebygging av muskel - og skjelettplager
- Rettleiing og forslag til tiltak for å fremje fysisk aktivitet
- Undervisning i tema
HMS/IK og kvalitets – system, oppbygging og revisjon mm. Bistå i utarbeiding av retningslinjer og dokumentasjon innanfor området yrkeshygiene, t.d. kjemikaliehandtering
Ysst HMS utfører legeundersøking i samband med: Offshore attest, Røyk – og kjemikaliedykkar, Førerkortattest
Ved enkelte typar arbeid med særlig helserisiko har arbeidsgjevar plikt til å sørge for at arbeidstakarane gjennomgår helseundersøkingar.
Ysst HMS kan ta avstøyping til formstøypte øyreproppar. Dette gjer me i samarbeid med Safesound AS.
BHT kan bistå arbeidsgjevar ved planlegging, tilrettelegging og organisering av arbeidet, samt andre tilhøve som har betydning for helse og trivsel på arbeidsplassen.
Ved rusproblematikk i arbeidslivet kan Ysst bistå både bedrifta og den tilsette med oppfølging.
BHT kan bistå arbeidsgjevar ved planlegging, tilrettelegging og organisering av arbeidet, samt andre tilhøve som har betydning for helse og trivsel på arbeidsplassen.
Krise og ulukke råkar mange kvart år, men likevel så sjeldan at me som enkeltmenneske ikkje har erfaring på korleis ein best kan handtera desse.