AKAN
Ved problematisk bruk av alkohol, narkotika, rus, legemiddel eller spel i arbeidslivet, kan Ysst HMS bistå både bedrifta og den tilsette med oppfølging.
Me har sertifiserte AKAN-rettleiiarar som kan hjelpa med følgjande:
Utarbeiding av handlingsplanar og retningslinjer i bedrift
Oppretting av Akan-utval
Rettleiing av tilsett og leiar
Oppfølging av avtalar
Undervisning
Ysst HMS har 2 ergoterapeutar som kan bistå med; Ergonomisk kartlegging av arbeidsmiljø, Informasjon og opplæring i forhold til ergonomiske arbeidsmiljøfaktorar.
HMS/IK og kvalitets – system, oppbygging og revisjon mm. Bistå i utarbeiding av retningslinjer og dokumentasjon innanfor området yrkeshygiene, t.d. kjemikaliehandtering
Ysst HMS utfører legeundersøking i samband med: Offshore attest, Røyk – og kjemikaliedykkar, Førerkortattest
Ved enkelte typar arbeid med særlig helserisiko har arbeidsgjevar plikt til å sørge for at arbeidstakarane gjennomgår helseundersøkingar.
Ysst HMS kan ta avstøyping til formstøypte øyreproppar. Dette gjer me i samarbeid med Safesound AS.
BHT kan bistå arbeidsgjevar ved planlegging, tilrettelegging og organisering av arbeidet, samt andre tilhøve som har betydning for helse og trivsel på arbeidsplassen.
BHT kan bistå arbeidsgjevar ved planlegging, tilrettelegging og organisering av arbeidet, samt andre tilhøve som har betydning for helse og trivsel på arbeidsplassen.
Krise og ulukke råkar mange kvart år, men likevel så sjeldan at me som enkeltmenneske ikkje har erfaring på korleis ein best kan handtera desse.