Psykososialt arbeidsmiljø
Alle arbeidsplassar har eit psykososialt arbeidsmiljø. Dette dreier seg først og fremst om dei sosiale og mellommenneskelege forhalda på arbeidsplassen.
Det psykososiale arbeidsmiljøet har stor innverknad på trivsel, produktivitet, sjukefråvær og lønsamheit i bedrifta.
Det psykososiale arbeidsmiljøet har dei siste åra fått ein mykje større plass i det tradisjonelle HMS-arbeidet. Blant anna vart det frå 01.01.24 lovfesta at verneombodet oppgåver også omfattar det psykososiale arbeidsmiljøet.
Ysst HMS kan bistå med følgjande på dette områder:
- Kartlegging og risikovurdering av det psykososiale arbeidsmiljøet
- Undervisning i ulike aktuelle tema
- Konflikthandtering
- Gjennomføring av arbeidsmiljøkartlegging (spørjeskjema)
- Rettleiing og oppfølging innan psykisk helse
- Individ- og gruppesamtalar
Ysst HMS har 2 ergoterapeutar som kan bistå med; Ergonomisk kartlegging av arbeidsmiljø, Informasjon og opplæring i forhold til ergonomiske arbeidsmiljøfaktorar.
HMS/IK og kvalitets – system, oppbygging og revisjon mm. Bistå i utarbeiding av retningslinjer og dokumentasjon innanfor området yrkeshygiene, t.d. kjemikaliehandtering
Ysst HMS utfører legeundersøking i samband med: Offshore attest, Røyk – og kjemikaliedykkar, Førerkortattest
Ved enkelte typar arbeid med særlig helserisiko har arbeidsgjevar plikt til å sørge for at arbeidstakarane gjennomgår helseundersøkingar.
Ysst HMS kan ta avstøyping til formstøypte øyreproppar. Dette gjer me i samarbeid med Safesound AS.
Ved rusproblematikk i arbeidslivet kan Ysst bistå både bedrifta og den tilsette med oppfølging.
BHT kan bistå arbeidsgjevar ved planlegging, tilrettelegging og organisering av arbeidet, samt andre tilhøve som har betydning for helse og trivsel på arbeidsplassen.
Krise og ulukke råkar mange kvart år, men likevel så sjeldan at me som enkeltmenneske ikkje har erfaring på korleis ein best kan handtera desse.