Regelendringar for Arbeidsmiljøutval (AMU) og Verneombod 1.1.24

Me vil informera om endring i Arbeidsmiljøloven frå årsskiftet, som vil påverke dei fleste bedrifter. Terskelen for når det skal blir oppretta arbeidsmiljøutval (AMU) blir senka frå 50 til 30 tilsette. I tillegg kan det krevst AMU i verksemder med 10 tilsette om ein av partane krev det.

Terskelen for når ei verksemd skal ha verneombod blir senka til fem tilsette (frå 10). Verneomboda sine oppgåver skal også omfatta innleigde arbeidstakarar og sjølvstendige oppdragstakarar som utfører arbeid i nær tilknyting til verksemda, samt at det også blir presisert i arbeidsmiljøloven § 6-2 at det psykososiale arbeidsmiljøet også blir ein del av verneombodet sine oppgåver å påsjå.

AMU er ein del av vernetenesta i verksemda, som består av representantar frå både leiinga og dei tilsette, samt bedriftshelsetenesta der det er tilknyting. Arbeid med AMU er ei av tenestane Ysst HMS tilbyr våre medlemsbedrifter, og Ysst HMS har tilbod om opplæring både for verneombod og medlem av AMU. Ta kontakt med ein av våre HMS-rådgjevarar om behov for meir informasjon.

 

Skroll til toppen