Ysst HMS og korona

Publisert: 13. mars, 2020 av Ysst

Som ein del av tiltaka for å hindre spreiing av koronaviruset innfører Ysst HMS ein del tiltak i tråd med Helsedirektoratet sine føringar. Tiltaka vil gjelde frå 12.03.20 og fram til 14.04.20. Det kan bli endringar i tiltaka undervegs etter anbefalingar frå Helsedirektoratet.

Helse

Ysst HMS utset alle helsekontrollar, oppfølging, vaksiner og attestar i perioden. Me tek kontakt for avtale om helsekontrollar m.m. på eit seinare tidspunkt. Sjøfartsdirektoratet har gitt ein generell forlenging av personlege sertifikat i ein periode.  

Kurs/undervisning

Alle kurs og undervisning av Ysst HMS blir utsett i perioden, og det blir satt opp nye datoar for kurs seinare.  

Møter/årsmøte

Ysst HMS ønskjer å gjennomføre møter per telefon/nett (Skype/Teams o.l.) der det er mogeleg. Ta ev. kontakt ved akutte hendingar, så vurderer me om Ysst kan møte fysisk.   Årsmøtet som var satt opp 19.03.20 blir utsatt på ubestemt tid. Ny innkalling blir vurdert etter 14.04, og kjem med minst ei vekes varsel.  

Arbeidsstad og smittefare

Ysst HMS sine tilsette har heimekontor i perioden. Me er tilgjengelege på telefon og e-post, samt video.