På alle arbeidsplassar bør det alltid vere førstehjelparar som får regelmessig opplæring, helst med 12-18 måndar mellomrom. Dei bør også få særleg instruksjon i førstehjelp om meir spesielle ulykker, helseskadar og sjukdommar som kan opptre på arbeidsplassen. Er du nærmast den som blir akutt sjuk eller skada er det du som må ta ansvar og hjelpe. Din kunnskap og innsats kan redde liv.