Grunnopplæring i arbeidsmiljø for verneombod, HMS-ansvarlege og medlemmar av AMU.

Dette kurset stettar kravet til opplæring for verneombod og medlemmer i arbeidsmiljøutvalget (AMU) og gjev deltakarane ei forståing av kva som er fullt forsvarleg arbeidsmiljø på arbeidsplassen, kva som er arbeidsgjevar og arbeidstakar sine roller, samt kva ansvar arbeidsmiljøutvalget, AMU og verneombod har i tillegg til Arbeidstilsynet og bedriftshelsetenesta.

I tillegg til dei tre oppsette datoane skal det også nyttast ein dag til HMS-arbeid i eiga verksemd.
Denne dagen må være mellom andre og tredje
undervisningsdato.