Korona og spørsmål rundt helse, karantene og smittevern

Publisert: 23. mars, 2020 av Ysst

Mange av bedriftene våre etterspør råd i denne spesielle situasjonen med står i. Me i Ysst ønsker å bidra så godt me kan i denne urolige tida. Det er ikkje alltid me kan gje heilt konkrete svar, då retningslinjene endrar seg frå dag til dag.

Må rår derfor alle våre bedrifter, store og små, om å holde seg oppdatert på informasjon frå myndigheitene:

  • Folkehelseinstituttet
  • www.helsenorge.no
  • Regjeringa har oppretta ei eiga temaside for arbeidsliv, som seier litt om endringane i regelverket som er komen i samband med korona
  • NAV oppdaterer sidene sine fortløpande i høve til omsorgspengar, permittering m.m.

Ysst HMS viser også til følgande informasjon:

Fastlegar og kommunale informasjonskjelder

Fastlegar kan nåast på telefon, e-konsultasjon (ved å logge inn via Helsenorge.no) eller videokonsultasjon. Ingen pasientar med luftveissymptom skal inn på legekontor/legevakt. Det er oppretta egne «luftvegsklinikkar» i dei fleste kommunane for pasientar som legetilsyn. Fastlegen din vil avgjere kven som skal få time på denne «luftvegsklinikken».

Dei fleste medlemsbedriftene våre ligg i Sunnhordland, og fleire av dei oppretta koronatelefonar. For verksemder utanfor Sunnhordland, anbefaler me å kikke på din kommune si side.

Både sjømanns–  og offshoreattest kan forlengast opptil 6 månader, om ein ikkje kan få utført ei helseundersøking grunna restriksjonar gitt frå helsemyndigheitene i samband med covid-19. Dette er gitt at dei har ein godkjent helseattest av nyare dato. Her har Petroleumstilsynet definert «nyare dato» som 1. januar 2020.

Smittevern

Råda kjem frå bedriftslege Torhild Taraldsøy hos Ysst HMS, og er i tråd med anbefalingar frå myndigheiter.

Generelle råd for bedrifter er:

  • Rydde vekk mest mogeleg, så ein får flater ein kan reinhalde ofte og lett
  • Auka reinhald
  • Vaske alle flater med såpe og vatn, og lufte ut
  • Desinfisere alle kontaktflater, dørhandtak, bord m.m

Ved påvist koronasmitte kan FHI sine råd til helsepersonell vere rettleiande:

  • Vaske ned alle flater med såpe og vatn, og lufte ut.
  • Kontaktpunkt og overflater som den koronasmitta tilsette har vore borti, som stolar, dørklinker, toalett m.m. skal  desinfiserast. Reinhaldar nyttar hanskar, munnbind* (føre var-prinsippet), smittefrakk/dress og briller visir når reinhaldet blir utført. Skifter og legg kleda i pose før vask av kleda på 60 grader.
    * Vær obs på at ved bruk av munnbind er det «lettare» at ein tar seg til ansiktet – vær obs på dette.
  • Brukt eingongsbeskyttelsesutstyr skal kastast i lukka pose som restavfall.
  • SARS-CoV-2 er følsom for høge temperaturar og desinfeksjonsmiddel som Virkon, Perasafe og alkohol. Hushaldningsklor kan også nyttast i konsentrasjonen minimum 1000 ppm
    (1 del hushaldningsklor (Natriumhypoklorittløsning 4 %) og 10 deler vatn).

Ofte stilte spørsmål til Ysst HMS angåande korona

Kva gjer me som bedrift, viss ein av våre medarbeidarar får påvist korona?   Sjekk om det faktisk er påvist koronasmitte, eller om det er teke ein test. De bør gjennomføre ei kartlegging av kven som ev. har vore i direkte kontakt med vedkommande, før de set andre i karantene. Nedvask av område det vedkommande har ferdast er anbefalt (arbeidsstad, toalett, garderobe, lunsjplass). Vaske alle flater med såpe og vatn, og lufte utDesinfisere alle kontaktflater, dørhandtak, bord m.m.Reinhaldar nytter hanskar og munnbind når reinhaldet blir utført. Skifter og legg kleda i pose før vask av kleda på 60 grader.  
Sender me alle heim i karantene? Er det der eventuell permittering kjem inn i bilete? Bør me sende ut varsel om permittering?   Alle treng ikkje i karantene. Det er dei som har vore i nær kontakt med andre personar med mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minuttar, eller direkte fysisk kontakt.(Jfr Smittervern for pasienter og befolkning kapittel 4, Helsedirektoratet) Det er anbefalt å forsøke å skille dei ulike arbeidslaga fysisk og la færrast mogeleg jobbe tett på kvarandre. Elles er det anbefalt med auka reinhald og lufting, og særleg av overflater som bord, dørhandtak, stolar som ein tar på generelt. Rydd vekk alt som kan ryddast vekk, slik at det er lett å vaske overflatene.Dersom det blir mange som har hatt direkte kontakt, blir det karantene på mange, og dette kan i neste omgang føre til bortfall av arbeid. Ved bortfall av arbeid grunna korona, er det kun 2 dagars permitteringsvarsel, så det treng ikkje sendast ut noko generelt permitteringsvarsel. Permittering bør drøftast med tillitsvalgte og verneombod før de iverksette tiltak, jfr. Arbeidstilsynet.