Influensavaksine

Publisert: 30. september, 2020 av Ysst

Influensavaksinen blir tilgjengeleg i løpet av oktober, men fram til 1. desember 2020 er influensavaksinen forbeholdt risikogruppene og helsepersonell med pasientkontakt.

Risikogrupper:

Følgende personar inngår i risikogruppene og er anbefalt influensavaksine på grunn av auka risiko for alvorleg sjukdom (sjå elles oversikt Folkehelseinstituttet sine sider):

  • Alle over 65 år
  • Bebuarar i sjukeheim og omsorgsboligar
  • Barn og vaksne med hjarte- og lungelidingar, diabetes, lever- eller nyresvikt, nevrologisk sjukdom, svekka immunforsvar (samt deira pårørande) og svært alvorleg fedme.
  • Gravide i 2. og 3. trimester, samt gravide i 1. trimester som har kronisk sjukdom eller er helsepersonell