Om Ysst HMS


Ysst HMS vart etablert under namnet Bømlo Bedriftshelseteneste i 1987 som ei fellesordning av og for bedrifter på Bømlo.

Bømlo Bedriftshelseteneste endra i 2003 namn til HMS senter Bømlo, og hausten 2013 vart me Ysst HMS.

Ysst HMS er lokalisert i Hollundsdalen på Bømlo, og har lokalkontor på Stord i Bytunet på Leirvik.

Bedriftshelsetenesta dekkjer alle bransjar i alle storleikar, og har medlemar på Bømlo, Stord, Tysnes, Sveio, Fitjar og Kvinnherad. Der våre medlemsbedrifter har tilsette andre stader i landet, samarbeider me med lokale bedriftshelsetenester.

Ysst HMS tilbyr tenester som tifredsstiller krava i Arbeidsmiljøloven § 3-3. Bedriftshelsetjeneste og Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning, kap 13 om bedriftshelsetjeneste.

I 2010 vart det innført godkjenningsordning for bedriftshelsetenester, Ysst HMS vart godkjent 3/3 2010

Våre  tenester er tilgjengelege både for arbeidstakar og arbeidsgjevar.
Me har som mål å væra ”best på motiverte bedrifter” gjennom eit heilskaplig fokus på mennesket.