Ny dagleg leiar

Publisert: 29. november, 2018 av Ysst

Gro Skare Lien er tilsett som dagleg leiar i Ysst HMS. Ho tek over etter Åsa Eldøy som har leia bedrifta sidan 2010.

Ysst HMS har hatt sterk vekst dei siste åra, og har sidan namnebyte i 2013 gått frå 90 medlemsbedrifter til 140 medlemsbedrifter i 2018.

– Me er svært glade for å ha fått Gro Skare Lien som dagleg leiar i staben vår. Ho har 10 års erfaring frå bedriftshelseteneste frå tidlegare og byrja som rådgjevar i Ysst HMS i vår. Gro er utdanna pedagog og økonom og har brei leiarerfaring. Me ser fram til at ho saman med dei tilsette skal ta Ysst HMS enno eit steg vidare, fortel styreleiar Monica Urang.

Brei leiarerfaring
Skare Lien har tidlegare vore skulesjef i Fitjar, dagleg leiar i Valvatna FUS barnehage og leiar for International SOS si avdeling i Sunnhordland.

– Det var viktig for oss at me fekk inn ein leiar som kan skape kontinuitet og vidareutvikle det gode arbeidet bedrifta er kjent for. Ysst HMS har i våre auge ein svært kompetent stab. No skal Gro Skare Lien leia desse vidare med mål om å vera den lokale og føretrekte HMS-bedrifta i regionen, fortel Urang vidare.

Potensiale
Skare Lien ser sjølv fram til å ta over leiarroret.

– Eg gler meg veldig til å ta fatt på jobben saman med dei tilsette. Dei er ein flott og serviceinnstilt gjeng. Me skal fortsette å byggje merkevara Ysst HMS saman og vere gode på samarbeid og behova til lokale bedrifter. Selskapet har ein sterk posisjon på Bømlo og på Stord, men det er framleis potensiale for vekst i regionen, avsluttar den nye daglege leiaren.