Influensa tid!

Publisert: 1. oktober, 2018 av Ysst

Kvart år bli folk ramma  av influensaepidemi. Dette blir kalla sesonginfluensa. Influensa gjev feber og smerter i heile kroppen og luftvegssymptom. I tillegg til virussjukdom kan det oppstå komplikasjonar i form av bakterieinfeksjon med lungebetennelse, bihulebetennelse eller øyrebetennelse.  Vanlegvis blir mellom fem og ti prosent av folk sjuke i løpet av ein vintersesong.

Vaksina vernar 50-80 prosent av dei vaksinerte. Kor god vern vaksinenen gjev avheng av alder på den vaksinerte og kor godt samsvar det er mellom sirkulerande virus og viruset som er brukt i vaksineproduksjonen. Sesonginfluensavaksina inneheld dei influensavirusvariantane som WHO anbefalar.

Vaksine for sesonginfluensa bør gjevast i september-november. Fullt vern  oppnår ein  etter ei til to veker.

Ysst HMS tilbyr influensavaksiner på Bømlo og Stord, og kan ta turen ut i bedrifta ved behov. Ta kontakt for bestilling.